Kvifor ryddar ME?

Me ryddar fjorden for miljøet sin del – for å gjere den reinare, meir berekraftig, og levedyktig. Ryddinga er også viktig for folket og folkehelsa i fjorden, for merkevaren Hardangerfjorden og for å bygga felles kultur. Ryddinga skapar nye samarbeid og nettverk, og inspirerer til innovasjon og utvikling. Rein Hardangerfjord skapar kjærleik til fjorden.

Bli med

No har du sjansen til å bidra i lag med andre. For at vi skal få mest mulig ut av Rein Hardangerfjord, må alle som skal vere med i aksjonen registrere seg som frivillig i ein ryddeaksjon i Ryddenorge.no evt også Renthav.no. Her kan du også registrere din egen ryddeaksjon. For at du skal få billett til Fjorden Aid, må du vere registrert som ryddar i Ryddenorge.no.

Program

Programmet er konsentrert til å vere under Hold Norge Rent sin Strandryddeuke i september. Sjølve ryddeaksjonen er kun ein dag, men det er mykje anna spanande som også skjer denne veka. Her vil det koma nyheiter utover sommaren.

Me berre gjorde det!

Ein utruleg vellukka aksjon er over. Takka vera 2381 frivillige fordelt på 168 aksjonar langs heile fjorden klarte me å rydda 1004 km strandlinje og

Les meir »