Fjorden UnG Miljøpris

Våren 2022 var nokre av ungdomsråda i regionen samla for å diskutera blant anna deltaking i ryddeprosjektet Rein Hardangerfjord. Der vart dei utfordra på kva ungdomen sjølv kunne gjera for å få opp engasjementet.

Dei diskuterte mange gode idear, men endte med å løfte fram ein MILJØPRIS som deira utvalde tiltak.

Sparebankstiftinga i Hardanger likte godt ideen, og delte blant anna ut kr. 10.000 til prisen.

Kandidatane til prisen vil bli kåra av ein jury beståande av medlemer frå ungdomsråda langs fjorden.

Prisvinnarane må vere i alderskategorien 0-20 år.

Forslag/Kandidatane beskriv kort tiltaket
– maks ei A4-side

Kriteria for prisvinnar

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, organisasjonar, ungdomsbedriftar eller andre for tiltak som gjev god miljøeffekt, har/skapar ein haldningsskapande verknad og/eller langvarig engasjement gjerne utover kommunegrensene.

Forslag til kandidatar sender de til: Isak Al Bayati

E-post: isbay121@gmail.com

Merk: Fjorden Ung Miljøpris

Kandidatane kan anten bli nominert av andre, eller nominere seg sjølve.

Forslag/Kandidatane legg gjerne med bilete av kandidatane/tiltaket