Fjorden aid

Fjorden Aid er konsertkvelden for dei som bryr seg. For alle som set av tid til til å rydda i fellesskapets søppel. Eller for dei som treng å bli medvitne om verdien av dette. 
 
Naturen gav oss vår einaste boltreplass. No gir me naturen, og oss sjølve, ei hjelpande hand. Og feirer det i eit varmt fellesskap, ei musikalsk vardetenning for saka som driv fram. Ein festdag for frivilligheit, framtidsoptimisme og dei nye generasjonane som skal gjera kloden vår bærekraftig att.
 
Ein imponerande ryddeaksjon kulminerer i gratiskonsert for alle som vil i Skålafjæro. Fredag feirar Morten Abel dei nyreine og fabelaktige fjordane våre. Emma Steinbakken og Stina Talling sender kvar sin lissepasning til Abel, som dundrar inn hit på hit. Eit deileg trekløver av godmusikk blomstrar i
hamna mellom Gurine og Folgefonnsenteret. Her kjem det mykje media, ryddarar, engasjerte, uengasjerte, lokale, nasjonale og tilfeldige forbipasserande. Og du, sjølvsagt. Bli med på årets siste utekonsert!
 
BraLunsj og Aakre Cider sel festivalmat og drikke ved Folgefonnsenteret. BarOn ligg midt i smørauga, og byr på opne kranar og suveren stemning både før, under og etter Fjorden Aid.

Markeringa er open for alle!

 

16. september 2022
Skålafjæro, ROSENDAL

18.30 EMMA StEINBakken // 19.15 FJORDEN UNG MILJØPRIS
19.30 Stina talling // 20.10 TRON JENSEN
// 20.30 CLEANSOUNDS PRESENTERer Morten ABEL med Band