Fjorden Aid – konsert for alle!

Emma Steinbakken og Stina Talling kjem til Fjorden Aid for å hylle alle dei frivillige som ryddar fjordane våre for plast!

Emma Steinbakken er streama fleire titals millionar gonger, har sangar med i seriane Rådebank og Hjem til jul. Ho varma opp for Imagine Dragons, og har rukke å bli nr 1 på Spotify og singellista her heima. At ho i tillegg har samarbeida med storleikar som Matoma, Alan Walker, Robert Grace, Broiler og Kamelen vitnar om ein enorm arbeidskapasitet. «Not Gonna Cry», «Jeg glemmer deg aldri» og ein haug andre låtar er prov på kvifor Emma Steinbakken treff så mange, både her heime og ute i verda.

I tillegg til å ha etablert seg som ein svært etterspurd artist, er Stina Talling også youtuber, humorist og tv-personlegdom frå Tenåringssjokket og Influenserne. Ho har delteke i Grand Prix, og song i 2019 BlimE!-låten «Meir enn god nok». Og akkurat det er Stina og, ho er ei tøff, ærleg og viktig stemme for den oppveksande generasjonen.

I tillegg til Emma Steinbakken og Stina Talling vert programmet i Skålafjæro avrunda med ein populær norsk artist. Det vert ei hyggeleg stund på bryggekanten med utdeling av Fjorden Ung Miljøpris og filmsnuttar frå ryddeaksjonen.

Konsertane startar kl 1830 og varer til 2130. Konsertstad er Skålafjæro, Rosendal.

Ope for alle!

Del:

Facebook
Twitter
LinkedIn

Fleire nyhende

Me berre gjorde det!

Ein utruleg vellukka aksjon er over. Takka vera 2381 frivillige fordelt på 168 aksjonar langs heile fjorden klarte me å rydda 1004 km strandlinje og

Fjorden Ung miljøpris

Vinnarar av Fjorden Ung miljøpris

Ungdomsråda i Hardanger og i Sunnhordland, representert ved Isak Al Bayati og Elisabet, fann verdige vinnarar av verdas første Fjorden Ung Miljøpris – Nils Ivar

Fjorden Aid

Ikkje i Rosendal? Få med deg Fjorden Aid konserten live her på stream: