Norce skal forske på plastrydding i Hardangerfjorden

Forskarar skal under Rein Hardangerfjord, undersøkje kor mykje mikroplast det er i fjorden og kvar den kjem frå. Meininga er å vurdere effekten av plastrydding, samt få ny kunnskap om miljøtilhøva i fjorden.

Plastforureininga er ein av vår tid sin store miljøutfordring. Det er stadig nye saker i media om plast i miljøet, og skaden den gjer skapar bekymring for liten og stor. Då er det godt å kunne bidra med noko handfast som plastrydding for å betre på situasjonen, til det beste for naturen og menneska som lever ved, og av den. Så då er det vel berre å sette i gong å rydde – eller?

Kan vondt bli verre?

NORCE har forska på marin plastforureining knytt til plastrydding i fleire år. Vi har sett at nokon stadar har plasten blitt ein del av naturen. Dette har fått oss til å undersøke om måten vi rydder plast på, har ein innverknad korleis den minste plasten, som vert kalla mikroplast, vert spreidd i naturen. Kan det vere sånn at nokre ryddemetodar faktisk gjer vondt verre? Dette er det viktig å få meir kunnskap om slik at dei som ryd- dar kan rydde på ein sikker måte, som ikkje fører til at plastforureininga vert spreidd til andre delar av miljøet.

Den minste plasten bekymrar

Mikroplast er plastbitar som er mindre enn ein halv centimeter (5 millimeter), og større enn 100 nanometer. Ein nanometer er ein milliontedel av ein millimeter og usynleg for det blotte auge. Plastbitar som er mindre enn 100 nanometer vert kalla nanoplast. Det er denne minste plasten det er knytt mest miljøbekymring til. Mikroplast kan nemleg finne vegen til dei mest avsidesliggjande stadar på kloden via havstraumane. Den vert båre og spreidd med vind og nedbør, eller med fugler som har ete plast ein stad og sluppe den ut med avføringa ein annan stad. Mikroplast som vert ete av små dyr kan bli ført vidare oppover i næringskjeda, og til slutt ende opp i maten vi et.

Målar mengda mikroplast

I forskningsprosjektet Rein Hardangerfjord, som NORCE leiar, skal vi undersøke miljøstatus i fjorden når det gjeld mikroplast og biologisk mangfald basert på miljø-DNA. Vi skal blant anna måle mengda mikro plast i vatn og havbotn, i skjell og anna liv i fjorden. Vi ønskjer og å finne ut kvar mikroplasten i fjorden kjem frå, kor stor del av den som stammar frå plastforureining på land, tilført frå andre lokale kjelder, eller som kjem frå havet utanfor. Ny kunnskap om miljøtilhøva i fjorden er nyttig for blant anna havbruksnæring og miljømynda som forvaltar fjorden på vegne av samfunnet.

Utviklar ryddemodell

Å kjenne på handlekraft i møte med utfordringar er ei god kjensle. Men korleis løyser hardingane plastproblemet? Dette kan andre lære av! Kunnskap om samfunnsprosessar som leier til handling og endring av korleis vi brukar plast, handterer plastavfall, og rydder opp i plastforurenining, er viktig læring for andre og. Erfaringene fra Rein Hardangerfjordprosjektet skal difor inngå i utviklinga av ein Framtidshavetmodell for plastrydding av fjordsystem. Modellen skal kunne brukast av liknande fjordsamfunn, eller tilpassast andre geografiske samfunnseiningar som t.d. kystlandskap eller innlandsområde.

Kontaktperson

Gunhild Bødtker, Forskningssjef i Framtidshavet / Forskningsleiar i NORCE frå Rein Hardangerfjord 

E-post: gubo@norceresearch.no

Del:

Facebook
Twitter
LinkedIn

Fleire nyhende

Me berre gjorde det!

Ein utruleg vellukka aksjon er over. Takka vera 2381 frivillige fordelt på 168 aksjonar langs heile fjorden klarte me å rydda 1004 km strandlinje og

Fjorden Ung miljøpris

Vinnarar av Fjorden Ung miljøpris

Ungdomsråda i Hardanger og i Sunnhordland, representert ved Isak Al Bayati og Elisabet, fann verdige vinnarar av verdas første Fjorden Ung Miljøpris – Nils Ivar

Fjorden Aid

Ikkje i Rosendal? Få med deg Fjorden Aid konserten live her på stream: