-Me berre gjer det!

Styringsgruppa Rein Hardangerfjord

På Fjordtinget i fjor møtte miljøkrigaren Kenneth Bruvik opp med rolla som rebell, og Erlend Haugarvoll som leiar av Lingalaks AS og representant frå havnæringa. Det som lett kunne ha blitt ein samanstøyt, har no enda i eit strålande døme på kva som skjer når skjeringspunkt møtast, og gode gnistar slår opp. 

Inspirert av kvarandre, vart Kenneth Bruvik frå miljøstiftinga Framtidshavet invitert inn til Lingalaks i fjor haust for å inspirera dei tilsette hos Lingalaks til ein ryddedag i nærområdet. Dagen vart inspirerande for alle partar, og innsatsen var stor, og stemninga høg. «Vi var høge på oss sjølve den dagen, og så sa eg litt på spøk om vi ikkje skulle rydda heile fjorden likeså godt?», seier Kenneth. Erlend Haugarvoll parerte raskt, men med alvor og sa; «Me berre gjer da!». «Og sidan den gongen har vi ikkje sett oss tilbake», seier Kenneth og ler. 

Ideen forma seg raskt, og verdas største ryddeaksjon på ein dag tok form. Målet måtte bli å få ein så rein Hardangerfjord som mogleg, og derav prosjektnamnet Rein Hardangerfjord. Tanken var vidare at ein  lokalt og regionalt skulle eiga prosjektet, og at stiftinga Framtidshavet skulle leia prosjektet. «Vi såg fort potensialet i prosjektet», seier prosjektleiar i Framtidshavet, Lennart Fjell, og tenkte difor langsiktig. Prosjektet er femårig, og vi gler oss til å sjå alle synergieffektane Rein Hardangerfjord vil føra med seg. 

Ideen vart for Hardangerrådet IKS og Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS, og tilslutninga og positiviteten var stor. Begge regionsråda vedtok raskt prosjektet og samarbeidsavtalar, og før 2021 var over kunne planlegginga starta. Det vart etablert ei styringsgruppe, arbeidsgrupper, forskingsteam, kommunekoordinator i kvar kommune kom på plass, og mange profesjonelle ryddeaktørar er kopla på. «Vi er særskilt glade for å ha med oss kommunekoordinatorane og andre lokale krefter», seier Lennart, og legg til: «Skal vi få med oss alle dei tusenvis av frivillige vi treng frå innerst i Eidfjord og Ulvik til ytterst i havet ved Bømlo og Sveio, så er det lokale engasjementet og eigarskapet kjempeviktig». 

I tillegg til aksjonen, vert det inspirasjonsarrangement, internasjonal rundebordskonferanse og ikkje minst, Fjorden Aid, som er ein gratis konsert for alle dei som deltek i prosjektet og på ryddedagen. Her kjem det artistar som treff dei fleste, og ikkje minst ein headliner av internasjonal klasse.

«Ein kan trygt seie initiativet har vekse ein del sidan i fjor haust, men me berre gjer det», seier Kenneth, Lennart og Erlend i kor og ler. 

Del:

Facebook
Twitter
LinkedIn

Fleire nyhende

Me berre gjorde det!

Ein utruleg vellukka aksjon er over. Takka vera 2381 frivillige fordelt på 168 aksjonar langs heile fjorden klarte me å rydda 1004 km strandlinje og

Fjorden Ung miljøpris

Vinnarar av Fjorden Ung miljøpris

Ungdomsråda i Hardanger og i Sunnhordland, representert ved Isak Al Bayati og Elisabet, fann verdige vinnarar av verdas første Fjorden Ung Miljøpris – Nils Ivar

Fjorden Aid

Ikkje i Rosendal? Få med deg Fjorden Aid konserten live her på stream: